Spesielle trekk frå Islendingsogene som fins i soga om Gunnlaug Ormstunge

Soga om Gunnlaug Ormstunge er ei islendingsoge om kjærleik, heltemot og skaldeskap. Hendinga finn stad på Vest-Island, men og i mellom anna Noreg, England og Irland. Soga vart nedskriven på 1200-talet av ein ukjent forfattar, men sjølve historia er frå 1000-talet.

Det første som ofte hender i islendingsoger, og i Soga om Gunnlaug Ormstunge er at hovudpersonane og motsetningar mellom dei vert presentert. Soga byrjar med ”Torsten heitte ein mann. Han var son til Egil, son til Skallagrin, son til Kvedulv, ein herse frå Noreg.”. Dette syner mellom anna at familie og ætt var veldig viktig for islendingane på den tida. I byrjinga vart og bustaden nemnt. Så presentasjonen var og ein måte å dokumentere at soga var sann. Etter presentasjonen kjem konflikten fram. I Gunnlaugsoga er det fleire konfliktar. Den første er då Gunnlaug spør Torstein om å få gifte seg med dotter hans, Helga. Seinare i soga er det konflikten mellom Gunnlaug og Ravn som vert det sentrale. Denne konflikten nådde klimaks då Ravn vart drepen av Gunnlaug under holmgang og Gunnlaug seinare døyr av såra frå kampen. Etter ein slik ting hadde hendt var det vanleg at ætta tok hemn. I soga drep far til Gunnlaug nokre frender av Ånund, far til Ravn. Soga sluttar med ei form for forsoning mellom dei to ættene. Denne oppbygginga er veldig typisk for islendingsogene som vart skrivne på den tida.

Ein annan ting som er typisk er at hovudpersonane presenterast veldig grundig. Då Gunnlaug og Ravn kom inn i soga, vart slektstavla deira ramsa opp og utsjånaden vart nokså nøye skildra. I forteljinga er det ganske mykje replikkar. Replikkane er ofte brukt når noko særskild hender og for å underbyggje sanninga. Når det ikkje hender noko spesielt, blir handlinga bare referert i korte trekk. Objektiv forteljar og nøkternt språk er kanskje det som kjenneteiknar islendingsoger og soga om Gunnlaug Ormstunge mest. Forteljaren tek ikkje parti med nokon, og du finn ikkje nokon utbroderte skildringar. Naturen og miljøet vert ikkje nemnt. Underdrivingar er mykje brukt. Når nokon blir drepen eller får hogd av ein fot, vart dette bare nemnt som om det var den mest naturlege ting. Sidan trua på lagnaden var viktig på Island på 1000-tallet då dette hende, er frampeik mykje brukt i sogene, ofte i form av draumar eller spådommar. I byrjinga av Gunnlaugsoga har Torstein ein draum som vart tyda. Ut i frå denne draumen får me vite kva som vil skje i framtida.

Korleis samfunnet var på 1000-talet kjem godt fram i islendingsogene. Ættene var viktige og arrangerte ekteskap var det vanlege. Ingen spør Helga om kven ho ynskjer å gifte seg med, ho må bare akseptere han familien vel til henne. Individet var ikkje i sentrum, det var ættene som var viktige. Ekteskap var meir ein måte å skape alliansar enn ein pakt mellom mann og kvinne.

Både Gunnlaug Ormstunge og Ravn Ånundsson er dyktige skaldar, og dette er ein av grunnane til at det er brukt mykje kvad i denne soga. I dei islandske sogene er kvad fletta inn i det elles objektive og nøkterne språket. Kvada og replikkane bryt med dette, og gjer teksten livlegare og personane syner kjensler gjennom disse. I dette kvadet som Gunnlaug kvad til Helga syner han sine kjensler for Helga:
Viv, du gjæve og vene,
verst burde eg løna
fræge far din og mor di,
for du mi glede ranar.

All din ynde og venleik
avla i lyst dei saman.
Fy for det fagre dei laga!
Fara slik dåring til Helheim!

Eit av kjenneteikna til den norrøne poesien er alliterasjon, altså bokstavrim. Dette kjem og fram i denne soga. I den norrøne poesien var alliterasjon eit verkemiddel for å hugse kvada. Men kvada er ikkje med i sogene for at me skal hugse forteljingane. Dei skal vere ein dokumentasjon på at handlinga er sann og at ho er gjengitt korrekt.

I denne soga ser me og enderim som er ulikt dei originale kvada. Desse kvada har blitt påverka av den tida dei blei skrivne ned i. I mellomalderen kom meir og meir enderim, og dette blei ikkje brukt i islendingsogene. Her er eit døme på eit kvad med enderim:

Sei då konge meg
om du høyrde deg
prisa nokon gong
i ein betre song

Ein ting som var vanleg med soger som vart nedskriven på den tida, er at dei skulle vere litt ”kristne”, så i nokre soger finn du henvisnigar til Bibelen. I Gunnlaugsoga er talet tre mykje brukt; Gunnlaug må vente tre år før han får gifte seg med Helga, Ravn og Gunnlaug møtes til kamp tre gonger og Gunnlaug døyr tre dagar etter den siste holmgangen med Ravn. Dette talet er og eit heilagt tal frå Bibelen. Noko anna som synar til Bibelen er mellom anna det at Gunnlaug får ei kappe av kongen. Ho gir han seinare vidare til Helga, og då ho døydde låg ho på denne kappa. Jesus fekk og ei kappe på seg før han vart korsfesta. I Matteus 27:28 står det: ”De kledde av ham og la en skarlagensrød kappe om ham.” Kappa kan dermed tolkast som eit symbol på døden.

Det er og ein del i ting i soga om Gunnlaug Ormstunge som bryt med dei tradisjonelle islendingsogene. Det å bruke symbol som til dømes at kappa kunne vere eit symbol på døden, var ikkje særleg vanleg i islendingsogene. Ein annan ting er at denne soga handlar mykje meir om kjærleik enn i dei typiske sogene. Kjærleiken mellom Gunnlaug og Helga er kanskje hovudtemaet i soga. I typiske islendingsoger er ofte dei viktigaste temaa heltemot og skaldeskap. Det at kjærleiken er så viktig her peikar meir mot riddarromantikken som vart skrive i mellomalderen. Andre ting som kan peike mot ei seinare tid er bruken av talet tre som ikkje bare er eit heilagt tal frå Bibelen, men og eit magisk tal som var typisk for eventyra som vart dikta mykje seinare. Det at soga vart nedskriven på 1200-talet har nok noko å gjere med at soga minner om mellomalderlitteraturen.

Soga om Gunnlaug Ormstunge er på mange måtar ei ganske tradisjonell islendingsoge, men enkelte ting gjer at soga og bryt ein del med dei typiske sogene frå same tid.